Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet
Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet
Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet
hovudside aktivitetar historie kurs og konferanse fasilitetar galleri lenkjer kontakt oss
lakseslottet
trans trans
Fasilitetar  
  • Bruresuite i hovudhuset
  • 48 komfortable senger i eigen soveromsfløy
  • Eit førsteklasses kjøkken med skjenkeløyve
  • Konferansesal for inntil 50 og grupperom med historisk sus
  • Trådlaus, ope breibandsnett på heile hovudhuset
  • I den store matsalen kan me dekke godt til inntil 60 personar. For mindre grupper kan me tilby meir intime lokale som Lord Sibthorp’s Dining-room
  • Frukosten kan du eta i Mabel’s Tea-Lounge med morgonsol og utsikt til elva
  • Driving-range (spektakulær 9-hols golfbane kjem snart) og stort parkområde
  • Badestamp ved elvekanten med plass til 15 personar
  • Gode samarbeidspartnarar på lagbygging, kurs og foredrag

Lakseslottet


Lakseslottet
   
Natur

Naturen var det eigentlege grunnlaget for å byggje Lakseslottet Lindum, både i form av varierte opplevingstilbod og rike naturressursar.

Me nyttar framleis naturen på omtrent same måte. I nærområdet er det rikeleg høve til fysisk aktivitet og naturopplevingar - både organisert og individuelt. Me legg til rette for turar på elva med flåte eller kano, leirbål og pinnebrød, og laksesafari med våtdrakt og dykkarmaske. I sesongen kan me tilretteleggje for laksefiske og hjortejakt, og du kan bade i vedfyrt badestamp ved elvebreidda.

Lokale ressursar vert nytta som grunnlag for spennande menyar. Naturleg nok er hjort og laks ofte brukt som basis, og gjestane kan inviterast til vinsmaking medan dei får rettleiing på kjøkkenet

 

 

Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet
norsk english deutsch Norsk Plan