Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet
Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet
Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet
hovudside aktivitetar historie kurs og konferanse fasilitetar galleri lenkjer kontakt oss
lakseslottet
trans trans
Aktivitetar  

Med utgangspunkt i Lakseslottet Lindum har de tilgang til eit stort og variert aktivitetstilbod som de avtalar på førehand:

  • Matauke i naturen kring Lågen
  • Kyndig rettleiing på kjøkkenet med vinsmaking og tilbereding av dagens fangst
  • Musikk, filosofi, samlivskunst og andre kunstopplevingar
  • Kulturvandring langs den gamle pilgrimsleden over Hylsskardet
  • Tur med Suldalsdampen
  • Fiskeopplevingar
  • Storslagen natur med oppmerka løyper
  • Friskusløype eller løype for friskusar. Mot og lyst vil avgjere
  • Samarbeidsleikar med aktivitet, plunder og moro
  • Vedfyrt badestamp ved elvebreidda og grillfest med lokal fingermat
  • Laksesafari og besøk i lokalt gardsbryggeri
  • Elveekspedisjon: kano- og flåtepadling med leirbål og pinnebrød
  • Lingvongs venner: På foto-jakt til veglaus gard
  • Vitja Kvilldal - Nord-Europas største kraftstasjon
Lakseslottet
Kultur

Hovudbygningen på Lindum og historia som ligg bak er i seg sjølv ein spesiell del av norsk kulturhistorie. Mykje er teke vare på og Lindum har i dag ei rik samling av bilde og gjenstandar som dokumenterer historia og bidreg til å gje staden ein heilt spesiell atmosfære.

I nærområda til Lakseslottet finn me spennande spor etter menneske som har levd og virka i området. Frå pilgrimsleden gjennom Hylsskardet, via Suldalsdampen og fram til ei av Noregs største kraftutbyggingar, Ulla-Førre, som er eit imponerande stykke ingeniørarbeid.

Me legg til rette for turar med guide der du kan få gammal og ny historie fortalt i sitt rette miljø, for eksempel kulturhistorisk vandring langs elva, kulturvandring langs den gamle pilgrimsleden over Hylsskardet eller tur med Suldalsdampen.

Forutan ei større permanent kunstsamling, har me eigne salsutstillingar frå tid til anna.

Lakseslottet Lakseslottet Lakseslottet
norsk english deutsch Norsk Plan